Eg kan opplyse om at etter nokre timar i kjøleskapet smakte Nidar sin klassikarpose godt, sjølv om eg ikkje klarte å skilje bitane frå kvarandre.
25. juni 2009
sommar
Eg kan opplyse om at etter nokre timar i kjøleskapet smakte Nidar sin klassikarpose godt, sjølv om eg ikkje klarte å skilje bitane frå kvarandre.
12. juni 2009
Skal eg berre gi opp?
Å få elevar til å bruke internett og PC til det dei skal er ofte ei utfordring. Det ligg jo mange freistingar ute på dette internettet, eg forstår jo det. Eg prøver og prøver, med merknader og alt. Overfor elevar, altså. Dette er tydelegvis ei utfordring på mange nivå, ser eg. Det kan truleg vere verdt det å snike litt på facebook før neste val... Så kanskje ein får ein viss peikepinn på kva som er dei verkelege hjartesakene og satsingsområda?
6. juni 2009
Evig truskap?
Høgre (og tydelegvis venstre) meiner vi skal måle kor norske folk er for at ein skal få kalle seg norsk statsborgar. Testen kan du ta her (eg tvilar sjølvsagt litt sidan den ligg på start.no, men...).
Det er ikkje spørsmåla eg bekymrar meg for for min eigen del. Abid Raja meiner berre det at desse 19 spørsmåla ikkje er nok til å avgjere om ein er norsk nok. Men dersom eg blir tvinga til å stå med handa på hjertet og sverge truskap til konstitusjonen og flagget, så kan det vere det er noko som vrengjer seg litt inni meg. Det er ikkje slikt eg likar å drive med, og eg håpar at alle framtidige innvandrarar også får sleppe.
Eg lurer på - kan eg melde meg ut?
22. april 2009
stygt
Dei har ein lang veg å gå i dette landet...
21. april 2009
fint
Og så passa det godt i forlenginga av dei forrige innlegga mine. Heilt gratis og openlyst, ingenting snikete her!
Klippedomen i Jerusalem, altså.
2. april 2009
aprilsnarr?
Dette vil jo ingen ende ta. Kven veit? Kanskje finst det nokre bahaiar i Førde? Kanskje nokre som brukar slike raude kabbala-armband? Ein og annan som snusar litt på Åsatru? KVAR SKAL DEI BE? Det lurer eg på.
29. mars 2009
Oppfølgjar/underhaldning
Ein demonstrasjon som samla 8 rasande demonstrantar, livredde for muslimar, bar plakatar med tekstar som: "Folkevalgte politikere, lytt til folket" (altså 8 stk) og "Nei til snikislamisering". Dei hadde valt seg ei uvanleg talefør talskvinne, som fekk nok av spalteplass i avisa.
Demonstrantane (D): -Vi vil ikkje at islam skal vere ein religion som har innverknad i Norge. (Nei...) Muslimane må ha lov til å samlast og praktisere trua si, men ikkje i portalen ved innkøyrsla til Førde.
Firda (F): -Blir ikkje dette det same som å seie at det er greitt at folk er muslimar, berre ein slepp å sjå de?
D: -Vi vil ikkje ha snikislamisering. (Nei vel, men det slepp du jo!) Vi er redde for ekstremismen. (men innrømmer overfor Firda at ho ikkje har sett noko ekstrem islam i Førde)
F: -Men er det ikkje ekstremt å seie at vanlege muslimar ikkje skal få setje seg opp eit gudshus?
D: -Det kan dei ha, men ikkje på beste tomta. (Beste tomta???)
Demonstrantane meiner at muslimane kan få halde til på Moskog, som etter deira meining er vel så sentralt. Vel, det er ikkje alt ein kan meine noko om... Noko er fakta. Moskog er ikkje sentralt.
Ho veit ikkje heilt om det med at kristne songar er vekke frå barnehagar og skular er muslimane si skuld, men ho tippar det. På spørsmål frå avisa om dokumentasjon på at det er slik, svarar ho at det nok også kan ha med SV-arar å gjere. Jaja, vondskap er vondskap, anten dei er raude eller muslimar...
Som venta fekk demonstrantane støtte i bystyret.
Av Frp.
Med på bileta er også ein mann som ikkje vil vise verken ansikt eller stå fram med namn. Ærleg tala! Om ein meiner slikt, så får ein jammen i det minste stå fram.
Om eg er redd for muslimar? Ikkje det grann. Men eg er livredd sånne demonstrantar, men ikkje så lenge dei berre er 8.
26. mars 2009
Kan nokon forklare?
Eg lurer på kva problemet er her...
At nokon har eit problem med at vesle Førde skal få ein moskè, det kan eg muligens med litt velvilje "forstå" (ikkje akkurat, men...) Men at problemet skal vere at den ligg ved E39, eller "Byporten", som nokon vel å kalle det (eg har ikkje sett nokon port, skal sjekke til helga), det ser eg ikkje heilt. Er det sånn: "turistane må ikkje sjå at vi har moskè her", eller sånn "ein moskè kan då ikkje vere det første ein møter i ein slik fredeleg vestlandsbygdeby"? Dette kallar demonstrantane for snikislamisering. Om det kan kallast islamisering, tvilar eg på, men spesielt snikete er det i alle fall ikkje, om den ligg ved vegen... Det hadde vore mykje meir snikete å grave han ned ein eller annan stad. (Men på den andre sida, då hadde jo vi andre sloppe å sjå den.) Heller ikkje bør moskèen visstnok ligge i nærleiken av ein skule. Det forstår eg godt. Eg ville aldri ha risikert at ungane min måtte møte på folk med eit anna livssyn! Og det på veg frå skulen!
Nei, det er litt flaut dette her, eller kva?
24. mars 2009
svakt punkt

