onsdag 22. april 2009

stygt


Dette var det styggaste og mest provoserande eg såg i påskeferien. Dette sikkerheitsgjerdet israelarane har sett opp i ei rett og fin linje for å sikre seg...




Dette sjekkpunktet gjekk vi igjennom nesten kvar dag. Vi brukte ikkje så lang tid på det, men eg misunner på ingen måte dei som dagleg må bruke fleire timar i kø (og bli dårleg behandla i tillegg) for å få komme seg igjennom og på jobb, og enno mindre dei som plutseleg ikkje får ferdast i nabolaget sitt lenger fordi dei av ein eller annan grunn ikkje får lov. Svært provoserande. Inne er det omtrent som ein flyplass, berre at det ikkje er fly. Det er gjennomlysing av bagasje og metalldetektorar (men det er ikkje så nøye om det pip, berre du har raudt pass...). Taxiane står i kø og ventar på passasjerar.











Vi besøkte eigarane av dette hotellet, ein palestinsk mann som er gift med ei norsk dame. Faren hans bygde hotellet for lenge sidan, og det har vore levebrødet til familien sidan. Plutseleg fekk dei ikkje eige det lenger, for israelarane bestemte seg for å setje opp eit vakttårn i hagen, kutte ned trea og sette gjerde rundt. Etter planen skal muren gå rundt hotellet, slik at eigaren, som er palestinar, ikkje får lov til å komme inn på sin eigen eigedom. Han får ikkje lov no heller, men dei er i ein rettssak, så israelarane har enno ikkje bygd muren. Dei har gitt han tilbud om å få lov til å komme inn på eigedomen av og til, og synest sjølv det er eit generøst tilbod som han burde takke ja til, og gi seg på den rettssaka. Kanskje det har noko med at det ikkje er eit godt tilbod å ta heile kaka og gi tilbake ein kremtopp, slik israelarane jo har for vane. Dei hadde altså ikkje vore i hotellet sitt på fleire år.

Dei har ein lang veg å gå i dette landet...

0 kommentarar: