tysdag 24. mars 2009

svakt punkt

Eg har nokre svake punkt. Eitt av dei er småkryp som er der dei IKKJE bør vere.


Mus skal IKKJE vere i mitt kjøkkenskap!


Her har vi ikkje før flytta inn i ei ny og fin leilegheit, Andreas reiser på overnattingstur med klassa, og eg skal vere åleine heime eit heilt døgn, og så er det MUS i søppelbøtta!!!

Jaja, så kan eg berre gløyme å ete (den musa og heile slekta hans kan jo ha vore over alt mens eg var på jobb!), kaste ting, og eigentleg bevege meg mot kjøkkendelen av leilegheita (som om ei mus eigentleg skil mellom stove og kjøkken i ei opa løysing...) fram til i morgon ettermiddag.
Eller, eg kan ta mot til meg, late som om den musa ikkje var der (eller iallefall at den vart så skremt at den ikkje kjem tilbake med det første), og prøve å leve som normalt. Eg veit ikkje enno kva eg vel. Eg skal iallefall IKKJE finne ut kor museholet er, sjekke om den har familie, eller sette opp felle. Det er mannejobb.

0 kommentarar: