søndag 29. mars 2009

Oppfølgjar/underhaldning

For dei av oss som ikkje får lese papirutgåva av Firda sånn til vanleg, så vil eg gjerne her vise nokre gullkorn frå fredagsutgåva, som eg fekk tak i då eg var i Førde ein tur. Det handlar framleis om den heite moskèsaka. Sjølvsagt. For ordens skuld: Det i kursiv er mine ord. Resten er frå avisa, så og seie ordrett.

Ein demonstrasjon som samla 8 rasande demonstrantar, livredde for muslimar, bar plakatar med tekstar som: "Folkevalgte politikere, lytt til folket" (altså 8 stk) og "Nei til snikislamisering". Dei hadde valt seg ei uvanleg talefør talskvinne, som fekk nok av spalteplass i avisa.


Demonstrantane (D): -Vi vil ikkje at islam skal vere ein religion som har innverknad i Norge. (Nei...) Muslimane må ha lov til å samlast og praktisere trua si, men ikkje i portalen ved innkøyrsla til Førde.
Firda (F): -Blir ikkje dette det same som å seie at det er greitt at folk er muslimar, berre ein slepp å sjå de?
D: -Vi vil ikkje ha snikislamisering. (Nei vel, men det slepp du jo!) Vi er redde for ekstremismen. (men innrømmer overfor Firda at ho ikkje har sett noko ekstrem islam i Førde)
F: -Men er det ikkje ekstremt å seie at vanlege muslimar ikkje skal få setje seg opp eit gudshus?
D: -Det kan dei ha, men ikkje på beste tomta. (Beste tomta???)


Demonstrantane meiner at muslimane kan få halde til på Moskog, som etter deira meining er vel så sentralt. Vel, det er ikkje alt ein kan meine noko om... Noko er fakta. Moskog er ikkje sentralt.


Ho veit ikkje heilt om det med at kristne songar er vekke frå barnehagar og skular er muslimane si skuld, men ho tippar det. På spørsmål frå avisa om dokumentasjon på at det er slik, svarar ho at det nok også kan ha med SV-arar å gjere. Jaja, vondskap er vondskap, anten dei er raude eller muslimar...


Som venta fekk demonstrantane støtte i bystyret.
Av Frp.


Med på bileta er også ein mann som ikkje vil vise verken ansikt eller stå fram med namn. Ærleg tala! Om ein meiner slikt, så får ein jammen i det minste stå fram.


Om eg er redd for muslimar? Ikkje det grann. Men eg er livredd sånne demonstrantar, men ikkje så lenge dei berre er 8.

3 kommentarar:

Marthe-Julie sa...

Herlighet for noen demonstranter. Men takk for bra kommentar:)

Merete T. sa...

Etter å ha sniklese bloggen din via Kristine sitt Hobbyrom, kjenner eg no for å gje deg mi fulle støtte, Hedda. Ti poeng for artige kommentarar til ei mildt sagt pinleg sak.. Få kan gje meg så lite lyst til å flytte heim som slike som dette:)

Elles alltid moro å få empirisk grunnlag for tesa om at det er ingen som veit/forstår kva som ligg i ordet snikislamisering som Siv fann opp for nokre veker sidan.. Kanskje fordi det ikkje eigentleg er eit ord?:)

Henning sa...

Hahaha! Jeg kan ikke annet enn å le av disse folka. I alle fall så lenge de er bare 8 stk.

Flaut er det ja, og dessverre så er ikke dette et fenomen spesielt for Førde.