torsdag 26. mars 2009

Kan nokon forklare?

Biletet har eg lånt frå firda.no



Eg lurer på kva problemet er her...





At nokon har eit problem med at vesle Førde skal få ein moskè, det kan eg muligens med litt velvilje "forstå" (ikkje akkurat, men...) Men at problemet skal vere at den ligg ved E39, eller "Byporten", som nokon vel å kalle det (eg har ikkje sett nokon port, skal sjekke til helga), det ser eg ikkje heilt. Er det sånn: "turistane må ikkje sjå at vi har moskè her", eller sånn "ein moskè kan då ikkje vere det første ein møter i ein slik fredeleg vestlandsbygdeby"? Dette kallar demonstrantane for snikislamisering. Om det kan kallast islamisering, tvilar eg på, men spesielt snikete er det i alle fall ikkje, om den ligg ved vegen... Det hadde vore mykje meir snikete å grave han ned ein eller annan stad. (Men på den andre sida, då hadde jo vi andre sloppe å sjå den.) Heller ikkje bør moskèen visstnok ligge i nærleiken av ein skule. Det forstår eg godt. Eg ville aldri ha risikert at ungane min måtte møte på folk med eit anna livssyn! Og det på veg frå skulen!

Nei, det er litt flaut dette her, eller kva?

2 kommentarar:

Live sa...

Haha. Åtte demonstrantar...

STRANDA BUDEIE sa...

Gosh..Eg gremmast.